Øystre Slidre helsetun - driftsform
Øystre Slidre kommune bygger nytt helsetun som skal settast i drift før jul 2020. Helsetunet skal m.a. romme sjukeheim, omsorgsbustader, lokale for heimesjukepleie, dagsenter, produksjonskjøkken, sjukepleieklinikk og kantine. For kommunen er det sentralt å gje tenester i det nye helsetunet som er tilpassa eit topp moderne bygg, der målet er at brukarane av bygget skal stå i sentrum.
Å organisere denne type tenester er komplisert, og det mange detaljer som må på plass. Samtidig er det viktig å ha eit heilskapsperspektiv. For å ivareta dette har rådmannen vald å dele førebuingsarbeidet inn i eit hovudprosjekt med fem ulike delprosjekt. Prosjektgruppene er breitt samansett. Her finn ein både leiarar, tillitsvalde, verneombod og andre representar frå dei tilsette. Alle gruppene er godt i gang med sine oppgåver. I tillegg har vi faste møte med eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, der helsetunet er på dagsorden.
Dei fem delprosjekta er delt inn i desse områda:
- kjøkken
- tildeling
- turnus
- velferdsteknologi
- dagsenter
Når det gjeld delprosjekt turnus, har kommunen engasjert «Ressurssenter for omstilling i komunesektoren (RO)» til å hjelpe oss i den omstillingsprosessen vi må gjennom for å finne og sette i drift den mest tenlege driftsforma for Øystre Slidre helsetun.
Ei motivert og engasjert forsamling frå fyrste møte vi hadde med RO i januar 2020
Sist endra 15.01.2020 14.08