Oppsummering av Fjellstafetten 2024

Fjellstafetten er eit lågterskel turopplegg der vi tilrettelegg for 12 toppturar kvart år frå slutten av juni til byrjinga av oktober. Målet er at flest mogleg kan nytte seg av desse turane, og det blir også arrangert ein eigen skulekonkurranse. 

Årets toppar var:

  1. Snaue Høgde
  2. Kalvemellen
  3. Rundemellen
  4. Raudhamran
  5. Fagerdalsknappen
  6. Nasen på Skaget
  7. Gravfjellet
  8. Øystre Saurshovd
  9. Løkjishøvda
  10. Bitihorn
  11. Grønekinnkampen
  12. Storbergtinden

Premiar

Fjellstafetten vart arrangert for 23. gong i 2024, og det er 22. gongen vi registerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 250 personar. Dei får ein turkopp i premie. I tillegg får alle barn ein fjellstafett-pin. Premiane kan no hentast på Tingvang.  

Dei som har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på minst 10 toppar kvart år, får ei blå t-skjorte. Dei som har delteke i 10 år får ei raud t-skjorte, 15 år får ei grå t-skjorte, og 20 år får ei blå/turkis t-skjorte.  Beste skuleklasse får ein pengepremie. I tillegg er det uttrekkspremiar for barn.

Uttrekkspremiar

Det er delt ut utrekkspremiar til elevar på Lidar og Rogne skule. Her var det trekt ut ein i kvar klasse, som fekk ein termos med Fjellstafett-logo på.

Frå venstre: Helma, Andreas, Aya, Fridtjof, Marvin, Amund og Elisabeth ved Lidar skule. Desse fekk uttrekspremiar. Kari Onstad

 

 

Klassekonkurransa

4.klasse på Rogne skule vann klassekonkurransa og har fått ein pengepremie på kr. 4000.  
Dei fekk høgast poengsum pr. elev  - gratulerer til dei!! 


 

Bilete tå 4.klasse ved Rogne skule som vann skulekonkurransa - Klikk for stort bilete4.klasse ved Rogne skule vann klassekonkurransa. Øystre Slidre kommune