Oppsummering av Fjellstafetten 2020

Fjellstafetten vart arrangert for nittande gong i 2020. Grunna Covid-19 vart det ikkje lagt ut bøker for registrering av turgåarar dette året, og det er ikkje trekt premiar blant dei som har vore på toppane.

Årets toppar var:

  1. Heimdalsbrynadn (1428 moh)
  2. Øystre Rasletinden (2010 moh)
  3. Fisketjednnuten (1527 moh)
  4. Gravolskampen (1281)
  5. Svoloberget (1233 moh)
  6. Kringlehøgde (1474 moh)
  7. Kjølafjellet (1225 moh)
  8. Robølshøvda (886 moh)
  9. Høgd sør for Midtre Saur/Store Saursvatnet (1070 moh)
  10. Rabalsmellin (1111 moh)
  11. Perstølshaugen (1042 moh)
  12. Skarvemellin (1276 moh)

Det er attande gong vi registerer kven som har gått ti toppar eller fleir, og i år var dette 470 personar. Dei får ein kopp med motiv frå Skarvemellin i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå midten av januar.

Dei som no har delteke i Fjellstafetten i fem år og vore på alle toppane kvart år, får ei blå t-skorte. Dei som har delteke i 10 år og vore på minimum 10 toppar kvart år, får ei raud t-skjorte. Dei som har delteke i 15 år får ei grå t-skjorte.

Fire personar har gått 10 toppar på ein dag, og får svarte sportsskjorter med gullskrift. 

Lidar skule er vinnar av skulekonkurransen med 36 poeng i gjennomsnitt per elev.

Rogne barnehage er vinnar av barnehagekonkurransen med 25 poeng per barn over 3 år.

Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransane får kvar si skiferplate med motiv frå Skarvemellin, måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr.1500 og Rogne barnehage eit gåvekort på kr.500 til kjøp av aktivitetsutstyr.