Oppsummering av Fjellstafetten 2018
Fjellstafetten vart i år arrangert for syttande gong. Det er sekstande gong vi registrerer kven som har gått ti toppar eller fleir. Heile 497 personar har vore på ti toppar eller fleir. Desse får ein kopp med motiv frå Keisaren i premie. Koppane kan hentast i resepsjonen på Tingvang frå 20.des.
Vinnarane av skule- og barnehagekonkurransen får kvar si skiferplate med motiv frå Keisaren måla av Lynn Hege Røyne Myrvang. I tillegg får Lidar skule sitt elevråd eit gåvekort på kr. 1500 og Heggebø barnehage eit gåvekort på kr. 500 til kjøp av aktivitetsutstyr.
- Talet på namn i bøkene: 12506
- Namna fordelar seg slik:
- Sørre Brurskardknappen 1115
- Skreofjellet 719
- Gråhø 434
- Keisaren 1017
- Grønekinnkampen 1840
- Storberget 756
- Brummaknappen 1253
- Skreddalsfjellet 913
- Skaget 1383
- Løkjishøvda 1282
- Rennsennberget 1040
- Kjølafjellet ved Mellane 754
Sist endra 13.12.2024 12.39