Oppnemning av nye medlem/varamedlem for eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevneHausten 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Det skal veljast nye styrer, råd og utval for valperioden 2023-2027. Alle kommunar og fylkeskommunar skal etter kommunelova § 5-12 opprette eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Etter kommunelova § 5-12 har relevante interesseorganisasjonar rett til å fremme forslag om medlem til råda. Før ein organisasjon foreslår ein kandidat, bør dei ha gjeve vedkomande informasjon om kva vervet som rådsmedlem vil innebere, og forsikre seg om at vedkomande er motivert for oppgåva. Organisasjonen bør grunngje sine forslag til kandidatar med t.d. kandidatens sine interessefelt og kompetanse. Fleirtalet av medlemmene i eldreråd skal på valtidspunktet ha fylt 60 år. Rådet bør vera breitt samansett, og bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn, og kvart kjønn skal vera representert med minst 40 %. Kommunestyret vel eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne, og tek stilling til tal medlemmer med personlege eller nummererte varamedlemmer. Meld inn kandidatar til råda Namn, adresse og telefonnummer på aktuelle kandidatar og grunngjeving kan sendast til: post@oystre-slidre.kommune.no innan 1 oktober. Publisert 25.08.2023 08.23