Nytt smittetilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre
Kommunelege Arild Jacobsen opplyser at det søndag 7. mars vart registrert eit nytt smittetilfelle i Øystre Slidre. Vedkomande er smitta utanfor kommunen.
Den smitta personen er sett i isolasjon. Ein person er sett i karantene som ein følgje av dette tilfellet.
Sidan starten av pandemien har det til saman vore registrert 14 tilfelle av Covid -19 i Øystre Slidre.
Sist endra 08.03.2021 12.26