Ny stønadsordning for inkludering i fritidsaktivitetarØystre Slidre kommune lanserer stønadsordninga "lokal fritidskasse". Ordninga skal bidra til å inkludere born og unge i fritidsaktivitetar som stor å fare for å hamne i utanforskap følge av økonomi. Kommunen opprettar ordninga etter tildeling av midlar til inkluderingstiltak frå Bufdir. Ordninga er treårig og skal vare ut 2025, med ei total tilskotsramme på om lag 225 000kr. Frivillige lag og organisasjonar kan søkje ordninga om å få dekt utgifter for å inkludere born og unge i alderen 6-16 år i sine aktivitetar, som har utfordringar med å kunne delta på grunn av økonomi. De kan lese meir om ordninga og søkje om midlar her. For meir informasjon om ordninga, kan de kontakte avdelingsleiar for Ung kultur, Øystein Skattebu. Publisert 03.11.2023 15.13