Ny romaskin til Øystre Slidre fysioterapi

Øystre Slidre Revmatikerforening har gjeve fysioterapitenesta pengar til ny romaskin. 

Frå venstre: Turid Album, Elisabeth Bakkene og Bjørn EideTurid Album, styreleiar i Øystre Slidre Revmatikerforening, forklarar at medlemane har hatt god nytte av tilbodet om romaskin i kommunen, men har samtidig opplevd at det ofte var kø der - det ville dei gjere noko med og styret vart einige om å donere kr 10 000 til ny romaskin.

I oktober var romaskina på plass og den er allereie teke godt i bruk. Ved innkjøp av romaskina vart det konkludert med at ei romaskin som har ei viss høgde ville vera ein fordel. På denne måten kan brukarane lettare stige av og på romaskina. 

På vegne av fysioterapitenesta, som no ligg under avdeling Rehabilitering og meistring, vil vi rette ein stor takk til Øystre Slidre Revmatikerforening for den flotte gåva. Under bildeseansa mottak styreleiar Turid Album ein stor blomsterbukett.