Norkart har vore utsett for datainnbrot

Norkart, som leverer IT-system for kart- og eigedomsinformasjon til mellom andre Øystre Slidre kommune, har vore utsett for datainnbrot.

Innbrotet skjedde 5. mai. Hendinga vart raskt oppdaga, men uvedkomande kan ha fått tilgang til informasjon som namn, adresse og fødselsnummer for tidlegare og eksisterande eigarar, samt festarar og eigarar av burettar. Personar med fortrulege adresser og/eller skjerma bygg er ikkje omfatta av hendinga, skriv Norkart i ei pressemelding.

Norkart opplyser at sårbarheita i systemet er retta opp. Selskapet har politimeldt datainnbrotet, som no er under etterforsking. Øystre Slidre kommune reknar med at innbyggarar og eigarar av fritidsbustadar i kommunen kan vere råka, sjølv om vi så langt ikkje har fått melding om dette.

Ifølgje selskapet er det ikkje teikn til at nokon har prøvd å misbruke opplysningane som er på avvege, men Norkart oppmodar folk til å vera ekstra merksame på forsøk på svindel og ID-tjuveri.

Råd frå Datatilsynet for å unngå misbruk av personopplysningar: Hvordan forebygge og oppdage identitetstyveri? | Datatilsynet

Øystre Slidre kommune beklagar sterkt at ein av våre systemleverandørar opplever at persondata har kome på avvege. Vi håpar sjølvsagt at dette ikkje får uheldige konsekvensar for våre innbyggarar eller eigarar av fritidsbustadar i kommunen.

 

Test

Test2