Nettverksbygging for utvikling og deling av kunnskap er viktig for å fremme livskraftig fjellandbruk i Noreg, seier nyvald styreleiar for senteret Torfinn Opheim.
Selskapet Nasjonalt senter for fjellandbruk AS blei formelt stifta 12. mai av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Fjellnettverket, Noregs Vel og Øystre Slidre kommune. Styret har 7 medlemmer, og har slik samansetting:
Som styre i selskapet vart vald:
- Torfinn Opheim, Styreleiar, Sauda
- Kari Randen, Nestleiar, Fjellnettverket
- Ingvild Oldre Heggom, Vang
- Håkon Haug Laa, Ål
- Oskar Tørres Lindstad, Røros
- Liv Lyngstad, Øystese
- Nils Johan Svalastog Garnes, Vinje
Senteret er lokalisert på Løken gard i Valdres.
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har for budsjettåret 2023 løyvd 4 mill. kroner til etablering av Nasjonalt senter for fjellandbruk. Statsråd Sandra Borch er invitert til å stå for den offisielle opninga av senteret.
Det nasjonale senteret for fjellandbruk skal vere eit nettverk for fjellbøndene og FoU-miljø, rådgjevarar, kommunar og andre med interesse for og kunnskap og kompetanse om å produsere mat og andre varer og tenester basert på ressursar i fjellbygdene. Dette skal famne mangfaldet av identitet og ressursgrunnlag i regionen.
Senteret skal vera eit nav og ei plattform for kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, og sikre betre utnytting av eksisterande og nye kunnskapsbasar. Samordning og deling av kompetanse og erfaring mellom bønder og fagmiljø i eit samarbeidande nettverk vil gi brei tilgang på og god utnytting av informasjon og fagkompetanse. Senteret skal danne nye møteplassar, både fysiske og digitale. Senteret skal skape eit fagleg og sosialt fellesskap på tvers mellom fjellbygdene.
Senteret skal bidra til å løfte opp fjellbondens problemstillingar og behov.
Kontaktperson :
Styreleiar Torfinn Opheim
Mobil: 918 26 398
Epost: torfinn.opheim@ryfylkeiks.no
Stiftarane frå venstre: Odd Erik Holden (ordførar Øystre Slidre kommune), Kari Clausen (Norges Vel), Håkon Haug Laa (Norges bondelag), Kari Randen (Fjellnettverket), Ingvild Oldre Heggom (Norsk Bonde- og småbrukarlag) og prosjektmedarbeider Julie Helen Holmvik. Fråverande frå stiftarane: Bjarne Holm (Norsk Landbruksrådgivning)
Ny styreleiar: Torfinn Opheim