Næringsprisen for 2024 til Grønolen Fjellgard

Det er ei glede for Øystre Slide kommune å kunngjere at næringsprisen for 2024 går til Grønolen Fjellgard. Prisen vart delt ut torsdag 19.desember, i samband med det siste kommunestyremøtet for i år.

Bilde fra utdelinga av næringsprisen 2024 - Klikk for stort bileteF.v.: Linn Jenny Bergum Grønolen, Elisabeth Hambro Melbye, Øyvind Grønolen, Tor Erik Grønolen, ordførar Bjarne Budal. J. Aanestad

Veldig god service, heilt fantastisk god mat og stabil drift gjer dette til ei unik bedrift i vår kommune. Mektig natur, naturopplevingar, nydelege måltid, bruk av lokal mat og personleg betjening gjer at dette er ei bedrift vi er svært stolte av, seier ordførar Bjarne Budal.

Grønolen Fjellgard ligg i hjarta av Sør-Norge, midt i ei fjellbygd med  majestetiske fjell og store vidder. På 800 meter over havet der det er mykje frisk luft og gjestfridom utanom det vanlige. Utsøkt mat, god drikke og behageleg overnatting, i tillegg til personlig service tilpasset alle behov er eit varemerke her.

Knut Knutsen Tørstad frå Høre tok over garden Grønolen i 1784 og tok, som sedvanen var den gongen , namnet etter garden. I 1890 vart garden delt mellom to brør. I 1955 vart det gjort ein betydelig innsats slik at garden kunne ta i mot 18 gjester i påsken. Døgnprisen den gongen var 18 kroner pr døgn med full pensjon. Trufaste gjester kom att år etter år og det fyrste tilbygget kom opp i 1969. Etter kvart vart det turisme på heiltid for familien og utvidingane kom jamt og trutt, med m.a. rom, leiligheiter festsal, kongresssal, og velværeavdeling.

Dagens eigarar og vertskap, Øyvind og Tor Erik, har sjølvsagt delteke i drifta meir eller mindre heile livet, men formelt føregjekk generasjonsskiftet i 1990. Siste åra har dei bygd ut møterommet, pussa opp leilighetene og oppgradert TV- anlegget i leiligheitene. I 2019 kom nabogarden ut for sal, og den vart kjøpt innåt. På den måten vart garden slege saman til ein gard att. Hyttefeltet Grønolslie, med 29 tomter, har dei siste åra kome til. Tor Erik sine barn, Linn Jenny og Øystein, har gått inn i drifta så den er sikra framover.