Næringsprisen for 2022

Sebu Bil og Bensin AS er tildelt Øystre Slidre kommune sin næringspris for 2022.

Utdeling av næringsprisen 2022.

I 1954 starta brødrene Oddvar og Gudbrand Sebu verkstad i Rogne, der dei tok på seg reparering og istandsetting av redskap og ulike kjøretøy. I 1977 starta Oddvar Sebu bygginga av nye lokale på Storefoss. Dei nye lokala innheld bilverkstad, bensinstasjon, og det var starta opp med sal av både nye og brukte bilar hausten 1978. Dette vart då ei familiebedrift, med sønene Knut og Per i verkstaden og kona Thorlaug og dottera Dagny på bensinstasjonen.

I dag driv bedrifta bensinstasjon, bilverkstad, dekksenter, bilberging, sal av hengarar og utleie av bilar, hengarar og har ein moderne vaskehall. Her finn vi eit totaltilbod som er viktig for både innbuarar i kommunen, fritidsinnbuarar og ikkje minst dei som reiser gjennom kommunen. Bedrifta utmerkar seg med god service i alle ledd. Det er ein betydeleg arbeidsplass i bygda og det at dei yter så god service, fortel oss og at dei har dyktige medarbeidarar. Sebu er også ein møteplass der du kan svinge innom for ein kaffikopp eller ein matbit. Det syner ei bedrift som utviklar seg, og stadig kjem med nye tilbod til kundane. Både tipp topp vaskehall og veldig bra dekkavdeling er gode eksempel på dette. I 2019 vart bedrifta og godkjent miljøsertifisert bedrift.

Utsagn frå kunde: Treng du byte dekk, har du punktert, treng du service, har bilen stoppa, er du svolten eller kaffetyst- då er det berre å ringe enn reise til Sebu. Då kjem det ein triveleg blid person, og alt ordnar seg. Takk for at de finnes.

Øystre Slidre kommune gratulerer Sebu Bil og Bensin med næringsprisen for 2022.