Mammografiprogrammet
Mammografibussen står ved Fagernesparken i Nord-Aurdal kommune. Det blir invitert i alt 447 kvinner i kommunen. Kvinnene blir inviterte i forhold til bildetakingstidspunktet ved siste oppmøte. Nye kvinner blir fordelte mellom desse. I førre runde møtte 79 % av dei inviterte kvinnene frå Øystre Slidre kommune.
Kva er mammografiprogrammet?
Mammografiprogrammet er det offentlege tilbodet til kvinner i alderen 50-69 år om mammografi annakvart år. Tilbodet blir gitt i tråd med europeiske retningslinjer for mammografiscreening. Målet med programmet er å redusere dødelegheita av brystkreft blant dei inviterte.
Sidan oppstarten av programmet i 1995/96 har nær 7 millionar invitasjonar blitt sendt ut, og i overkant av 5 millionar screeningundersøkingar er gjennomført. Oppmøtet i programmet er om lag 75 prosent. Det blir oppdaga nær 1 400 nye brystkrefttilfelle per år i programmet, dei fleste av desse i eit tidleg stadium.
Alle som deltek i Mammografiprogrammet får svarbrev frå Kreftregisteret eller sitt brystdiagnostiske senter, dei fleste i løpet av 14 dagar etter undersøkinga. Om lag 3 prosent av kvinnene som møter til mammografi, blir innkalla til grundigare undersøking. Dette vil finne stad ved Brystdiagnostisk senter på Sykehuset Innlandet, Hamar. Eventuell vidare oppfølging vil normalt skje ved sjukehuset.
Betaling ved deltaking er kr. 287,-