Luftvegsklinikk på legesenteret i Heggenes

Med bakgrunn i situasjonen med koronasmitte er det etablert ein luftvegsklinikk på legesenteret i Heggenes.

Formålet med klinikken er å lose dei som har luftvegsplager dit, for å unngå smittespreiing til andre pasientar som besøkjer legesenteret.

Klinikken har same opningstid som legesenteret. Ein må ringe legekontoret på førehand for avtale.

Elles vil vi minne om at det er viktig å ikkje ha for høg terskel for å ta kontakt med legen sin slik at kronikarar og andre med underforliggande sjukdom får behandling som kan bli viktig for den enkelte i den vidare utvikling av pandemien. I den fasa av pandemien vi er inne i no har legane god kapasitet.

Nokon kan vegre seg for å møte opp hjå legen fordi dei er redde for å smitte. Det er etablert gode smittevernrutinar på legesenteret generelt, og luftvegsklinikken er i så måte eit viktig tiltak for å unngå smittespreiing.

Kontaktinfo

Kommunelegen i Øystre Slidre
Telefon 61 35 29 00

Øyeblikkelig hjelp 61 35 29 20

Telefaks: 61 35 29 10

Telefon legevakt: 116117

Medisinsk nødhjelp: 113