
Ynskjer vi bustader, offentlege og/eller private tenester, eller treng vi noko heilt anna her i kommunen? Kva kan bygget fyllast med for å styrkje Heggenes og den lokale stadutviklinga?
Den gamle sjukeheimen har stått delvis tom i fleire år, og det har ikkje mangla på idear og innspel til korleis den kan verte nytta vidare. I dag inneheld bygget mellom anna sykkellager og lager for kle, og Frivilligsentralen har hatt gjenbruksbutikk i delar av bygget. No ynskjer kommunen å sjå på kva potensiale bygget har, og korleis det kan transformerast for å få liv attende i bygget.
På oppdrag frå kommunen har Asplan Viak fått oppgåva med å utforme og lage ein moglegheitsstudie for sjukeheimen. Dei skal sjå på korleis bygningsmassen kan verte nytta vidare, og moglegheitsstudien skal vere grunnlaget for ein rapport som syner mogleg(e) framtid(er) for bygget.
Kvalitet over kvantitet
Den gamle sjukeheimen er synleg for alle som kjem køyrande langs vegen gjennom Heggenes, og den raude fargen gjer bygget svært synleg mot den grøne åsen bak. Det manglar ikkje på lokalt engasjement kring den vidare drifta av bygget, men det er ikkje alltid lett å nå ut til folk og få dei i snakk. Under verkstaden fekk vi likevel til gode diskusjonar, og dei som kom hadde mange gode idear både for bygget i seg sjølv og for den vidare utviklinga av Heggenes. For det handlar ikkje berre om kva vi fyller dette bygget med: Det handlar om korleis vi når ut til folk, finn nøkkelpersonar og korleis endringane kan støtte opp om andre funksjonar og tenester i lokalsamfunnet, og ikkje minst korleis ei endra bruk av dette bygget kan leggje føringar for endring i bruk av andre bygg i og kring sentrum.
Lokalsamfunn som er i vekst, eller som ynskjer vekst, treng bustader for dei som bur og arbeidar på staden, men korleis skal vi få nye tilflyttarar og innbyggjarar som allereie bor i kommunen til å flytte frå einebustaden sin til ei mindre leilegheit ein annan plass? Kva tiltak, tenester og funksjonar er det potensielle bebuarar ynskjer? Og er det noko dei ikkje ynskjer kombinert med bustadføremål? Dette var berre noko av det som vart diskutert i møtet.
Ein av idéane som kom fram, eller kanskje meir dekkande, eit av tankeeksperimenta, var: Om sjukeheimen vert omforma til eit kombinert føremål, med til dømes helsestasjon (eller liknande) i underetasjen, offentlege og opne tenester i fyrsteetasje (som kafé, fellesrom, o.l.), og større og mindre bueiningar i andre (øvste) etasje – kan da nokre av bygga i sentrum, kring dagens legekontor, verte omforma til bustader med tilhøyrande næring i fyrste etasje? Opne og aktive fasadar er eit fyrste steg mot å få meir liv og aktivitet i sentrum, og slik kan omforminga av sjukeheimen vere ein start på dette arbeidet.
Korleis kan “tomme bygg” skape aktivitet og gje noko attende til lokalsamfunnet?
Og når vi fyrst pratar om tomme bygg: Det er ikkje mangel på tomme bygg korkje i Øystre Slidre eller andre kommunar. Mange av desse bygga kan karakteriserast som såkalla signalbygg – dei er tydelege, dei har tidvis store visuelle kvalitetar, dei har ofte ei historie, og lokalbefolkninga har gjerne sterke kjensler knytt til bygget. Dei er med andre ord (på papiret) perfekte bygg for å omformast.
Arbeidet med transformasjonen av den gamle sjukeheimen på Heggenes kan vere eit fyrste skritt mot å sjå heilskapleg på korleis endring og utvikling av eitt bygg kan påverke resten av lokalsamfunnet.