Kurset "Livslyst" startar opp på Moatunet 29.april
Øystre Slidre kommune arrangerar kurset Livslyst på Moatunet. Kurset gir praktiske tips og øvingar som kan gjere det lettare å handtere kvardagen. Du får større kjennskap til korleis tanker påverkar kjensler og korleis tankar innverkar på kva vi opplever i livet, særleg når det røyner på.
Kurset blir halde på Moatunet åtte måndagar frå og med 29.april, kl.12.00 - 14.00. Samlingane inneheld kunnskapsformidling, praktiske øvingar og erfaringsutveksling.
Brosjyre "Livslyst" (PDF, 229 kB)
Bindande påmelding til psykisk helseteneste.
Sist endra 30.05.2024 08.05