Kulturprisen 2024

Det er ei stor glede for Øystre Slidre kommune å gjere kjent at kulturprisen for 2024 går til Gunvor Hegge.  

Bilete av Gunvor Hegge - Klikk for stort bileteGunvor Hegge

Gunvor lærte å spele langeleik av bestemor si, Guri H. Hegge. Med langeleikundervisning i kulturskulen i ein mannsalder er det  ikkje få elevar som har nytt godt av hennar kunnskap. Både med sin pedagogiske tilnærming og gode vesen er ho ein framifrå lærar.

Gunvor er ein aktiv utøvar på instrumentet og ein særs viktig tradisjonsbærar. Ho har i korte perioder budd i Etnedal, Telemark og Frankrike og alle stader har ho vore sentral i langeleikspel.  I miljøet rundt den franske langeleiktypa vart ho invitert til å gje ut ein cd, “La Langeleik” på plateselskapet Ocora i Frankrike. Ho har og gjeve ut plate saman med systre sine, Kari og Oddrun, og Steinsrudsystrene, i 1994.

Ho har vunne landskappleiken i langeleik og er æresmedlem i Øystre Slidre spel og dansarlag. Og ikkje minst har ho vunne kongepokal i 1990. Ho er med i mållagsarbeid, historielag og som kulturpolitikar, har vore leiar i soknerådet i ei lang periode, og var pådrivar for bokutgjevinga om Hegge stavkyrkje.

Gunvor er aktiv akvarellmålar, og har i seinare år laga seg eige atelièr og galleri, med fokus på lokale motiv.
Ho er ein naturvenn med ei djup miljø- og kulturforståing som strekk seg frå kjennskap til bygda, språket, dialekta,  stader, miljø og landskap, og ikkje minst alle historier rundt. Historier ho har teke med seg frå generasjonar før henne.

Øystre Slidre gratulerer Gunvor med kulturprisen. Den vil bli delt ut ved eit kulturarrangement  seinare i haust.