Kulturprisen 2023 går til Øystre Slidre spel- og dansarlag

Der er ei glede for Øystre Slidre kommune å gjere kjent at kulturprisen for 2023 går til Øystre Slidre spel- og dansarlag.

Illustrasjonsbilde kulturpris - Klikk for stort bileteSpelemannsstogo på Herangtunet Privat

Øystre Slidre spel- og dansarlag vart stifta i 1943, av Knut Ø. Rudi, Torleiv Bolstad, Nils Onstad og 10 andre spelemenn frå Øystre Slidre. Dei er dermed 80 år i år.

Dei har 130 medlemer og er eit av dei største og eldste spel- og dansarlaga i Norge.

Blant medlemene finn me nokre av landets beste utøvarar som står bak eit utal av kappleikssigrar og plateutgjevingar. Lagsmedlem har hevda seg svært bra både på hardingfele, langeleik, song/kveding, torader, pardans, springar og halling.

Laget er kanskje likevel best kjent for sitt gode miljø som kjem heile folkemusikkmiljøet til del. Dei arrangerer kurs, konsertar og festar året rundt, og har mykje av aktiviteten sin knytt til lagshuset Spelemannsstogo på Herangtunet. Her sørger dei for at den lokale folkemusikkarven blir ført vidare til komande generasjonar.

Utdeling av prisen

Kulturprisen vil bli delt ut på jubileumsfesten deira 7.oktober på Tingvang.

 

Kari Onstad, kultursjef