Kulturprisen 2021 går til Jan Beitohaugen Granli

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å kunngjere at årets kulturpris for 2021 går til Jan Beitohaugen Granli. 

Jan har spelt hardingfele sidan han var 7 år gamal. Han har gått i lære hjå Trygve Bolstad, Harald Røyne, Terje Chr Hansen og Olav Jørgen Hegge. Jan spelar det meste av låtar frå Valdres, men har i dei siste åra jobba mykje med slektsstoff.

Han har vunne landskappleiken heile 6 gongar i hardingfele klasse A. I 2004 fekk han kongepokalen. Same år starta han å undervise i kulturskulane i Valdres. Jan har vunne Fanitullprisen på den norske folkemusikkveka 4 gongar. Dette er Olav Thon sin private kappleik, der formidling er like viktig som sjølve spelet.

2 soloCD`ar har Jan gjeve ut. Til den eine «På Beitohaugen» skreiv Aftenposten: -Spillet er levende og følsomt, direkte, enkelt og usminket. Klangen i fela er altomfavnende, mens tonene breier grunnen for en framifrå lytteopplevelse.

Jan er no frilansmusikar og lærar for kulturskulane i Valdres. I tillegg til undervisning i hardingfelespel underviser han i munnharpe og halling.

Det vert sagt om Jan: - Han har eit utruleg godt lag med unge musikarar og er ein dei unge ser opp til, og har respekt for. Han stiller alltid opp, og er ein særs viktig person for rekruttering til folkemusikkmiljøet. Han er ein god miljøskapar for barn og unge.

Øystre Slidre kommune gratulerer Jan Beitohaugen Granli med prisen. Planlegging av utdelingsarrangement er i gang.