Koronavaksinasjon i Øystre Slidre kommune

Om det går slik vi håpar, vil koronavaksinasjon starte rett over nyttår. Prioriteringa vil etter retningslinjer frå FHI bli slik:

Sjå prioriteringsliste frå FHI her.

Alle over 65 år som er folkeregistrert i Øystre Slidre vil bli ringt opp i nær framtid med spørsmål om dei ønskjer å bli vaksinerte eller ikkje. Det er viktig at alle gjer seg opp ei meining om dette i forkant, då det er svært mange som skal kontaktast. Ein kan bli oppringt frå fasttelefon eller eit mobilnummer.

Alle som seier ja til vaksine vil bli kontakta for time når vaksinen er tilgjengeleg for kommunen. Det vil koma meir utfyllande informasjon når vaksinen er klar. Det blir då sett opp to avtalar med om lag tre vekers mellomrom.

Folk som oppheld seg i kommunen over lengre tid, men ikkje er folkeregistrert her, blir bedne om å ta kontakt. Om du skulle ombestemme deg, kan du ringe legekontoret i normal opningstid. 

  • Øystre Slidre legekontor tlf 61 35 29 00

Målet fra nasjonale styresmakter er å oppnå ein høg vaksinasjonsgrad.

Om du ønskjer meir informasjon om vaksinen, viser vi til Folkehelseinstituttets nettsider.

Personar med underliggande sjukdomar

Det er etter føringar frå FHI at denne nye gruppa no involverast i prosessen. Lista over underliggande sjukdomar som FHI har utarbeidd, og som vurderar om du kvalifiserar til vaksinering samtidig med aldersgruppa 65-74, ser slik ut:

  • Organtransplantasjon
  • Immunsvikt
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdommar som fører med seg nedsett hostekraft eller lungefunksjon
  • Kronisk nyresjukdom eller tydeleg nedsett nyrefunksjon

Er ein innanfor ein av desse gruppene, rådast ein til å ta kontakt snarast via helsenorge.no. Du kan alternativt ringe Øystre Slidre legekontor på tlf 61 35 29 00. Du blir då etter avklaring sett opp på prioritert liste for vaksinering saman med aldersgruppa 65-74 år.