Konsert med Tore Halvorsen på Helsetunet

Tore Halvorsen, kjent og kjær for mange, vitja Helsetunet med konsert på tysdag 7.12. Det var godt frammøte og kjærkome med konsert.


Her var det velkjente sangar på rekke og rad, med Lille vakre Anna, nei, så tjukk du har blitt og til Jag trodde englarna fanns. Det var rørande å sjå alle ansiksuttrykka til publikum, Dette var musikk dei hadde høyrt før, fleire som sang med og klappa. Andre bevega leppane slik at det var tydeleg å sjå  at dei kunne tekstane godt.
Sjangeren er dessutan full av liv og rytme. Noko som gjorde at to tilsette kasta seg ut på golvet og dansa swing.

Tusen takk til Tore for ein fin konsert!