Kommunen sitt arbeid med tilkopling til vatn- og avløpssystem

Øystre Slidre kommune informerer om sitt arbeid med tilkopling til vatn- og avløpssystem.

Kommunen arbeidar kontinuerleg for å oppfylle staten sitt krav om å redusere forureining. Eit av desse krava er å oppnå god miljøtilstand i alle vatn og elver innan 2027. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikre at minst mogleg avløpsvatn hamnar i vassdraga. Difor må eldre avløpsanlegg oppgraderast. Kommunen har både myndigheit og plikt til å forebygge, samt krevje tiltak mot forureining.  

Dette vil seie at alle husstandar innanfor nærleiken av kommunens vatn- og avløpsanlegg kan få pålegg om tilkopling. Vi har no begynt prosess med kartlegge kven som ligg i nærleiken av kommunale vatn- og avløpsleidningar.  

Kva vil dette bety for deg som heimelshavar?

Er du allereie tilkopla kommunens vatn- og avløpssystem treng du ikkje foreta deg noko.

Er du tilkopla større vatn-anlegg med godkjenning av Mattilsynet treng du heller ikkje bli råka av dette. Dette gjeld brukarar av vassverka Vindin, Ringåne, og Ygna.  

Har du privat avløpssystem, privat vatn, eller begge deler, kan du i tråd med kommunen sitt arbeid kunne få pålegg om å kople deg til på det kommunale vatn- og avløpsanlegget.  

Kommunen har no begynt kartlegging av eigedomar, og vi vil begynne arbeidet med å kople eigedomar til offentleg VA-nett.  Kommunen har heimel til å krevje eigedomar på offentleg VA-nett, men oppmodar husstandar til å kople seg på frivillig.  

Dette vil fyrst og fremst råke dei som bur i nærleiken av eksisterande vatn- og avløpsleidningar. Inntil du får skriv ifrå kommunen om pålegg om tilkopling treng du ikkje foreta deg noko. 

Eldre anlegg

Har du eldre anlegg og ynskjer å kopble deg inn på kommunen sitt nett, kan du finne informasjon om det her på kommunen sin nettside: Her finn du informasjon om graving og tilkopling til offentleg VA

Privat anlegg

Har du privat anlegg av eldre dato og ynskjer å oppgradere dette, kan det være fornuftig å fyrst kartlegge om du er i nærleiken av kommunens vatn- og avløpsline, og dermed kan bli råka av pålegg om tilkopling.  

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Espen Døvre, e-post: espen.dovre@oystre-slidre.kommune.no

Kontaktinfo

Espen Døvre
Ingeniør
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 71 45 03