Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder ramma av tiltak knytt til Covid 19. 6.runde

Øystre Slidre kommune viser til vedtak i Stortinget 21.desember 2021 der det vart gitt ei løyving på nye 500 millionar kroner til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder ramma av tiltak knytt til Covid 19.

Det er no løyvd midlar for å gjennomføre ei sjette tilskotsrunde.

Løyvinga til Øystre Slidre kommune er på kr 1 296 000, og blir etter delegert vedtak jp.nr 22/232 fordelt slik og med desse søknadskriteria:

  • Kr 296 000,-  kan nyttast til fellestiltak som kan styrke kommunen som reisemål. Fellestiltaka må vera gjennomført før 1/7-2022. Ubrukte midlar blir overført til potten for direkte bedriftsstøtte.
  • Kr 1 000 000,- blir fordelt av kommunen etter søknad frå bedrifter innanfor kategorien reisearrangørar, serverings- og overnattingsbedrifter. Søknadsgrunnlaget er samla omsetning for månadane desember 2019 og januar 2020  målt opp mot samla omsetning  månadane desember 2021 og januar 2022 i bedrifta. Tala må dokumenterast av revisor eller autorisert rekneskapsførar.

Kommunen vil i si sakshandsaming vurdere søknaden opp mot  direkte bedriftsstøtte gitt i søknadsrundane 2 og 5.

Det er ein føresetnad at bedriftsstøtta  ikkje kjem i konflikt med EU-vilkåra  om bagatellmessig støtte, som for 2021 er sett til 2,3 mill. kr for dei tre siste år.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for begge ordningane blir sett til 15.februar 2022.

Korleis søke?

Søknad må leverast gjennom www.regionalforvaltning.no

Spørsmål rettast til

Kjell Håvard Tuv på kjell.tuv@oystre-slidre.kommune.no eller på tlf 91 32 40 77