Kommunal drift i samband med koronapandemien
Vi får nokre spørsmål frå innbyggjarar om korleis drifta av kommunen no går; Klarer vi å halde normal drift eller kva er stengt ned?
Vi har for tida diverre ikkje kapasitet til å svare på desse spørsmåla, difor legg vi ut oppdatert informasjon på nettsida til kommunen om dei tenestene som ikkje har normal drift. Vi forsøker - så langt det er råd - å oppretthalde normal drift, og vi følgjer alle nasjonale retningsliner og råd.
Dei innskrenkingane vi gjer vil bli publisert på våre nettsider , i tillegg til at tenestemottakarar som blir direkte berørte vil få melding om dette.
Her kan du lese om lokale tiltak.
Sist endra 01.04.2020 14.40