J.Aanestad
Vi er heldige som får bu og leva i vår flotte kommune, og ikkje minst i eitt land der det er fredeleg og trygt å bu. Vi må aldri ta demokratiet for gitt. Eit demokrati må vi ta vare på, her må alle vere med å gjere ein innsats.
Eg er stolt over det gode lagarbeidet vi har i kommunestyret. Igjennom hausten har vi måtte jobbe hardt og i godt samarbeid med administrasjonen for å møte dei utfordringane dyrtida gir uss. Lysare tider er i sikte og det er bra. Vi har igjennom godt lagarbeid landa eit ansvarleg budsjett som legg grunnlaget for at 2025 vil gi gode tenester til innbyggjarane og at kommunen kan utvikle seg vidare.
Eg ynskjer alle ei jule- og nyttårsfeiring med varme, håp og forventning. Mange gler seg til denne tida med familie og vener, kvite dalar og fjell, og godt skiføre. Andre opplever kanskje einsemd og har mista nokon igjennom året. Vis omtanke for kvarandre og ta dykk tid til eit ekstra besøk, ein telefonsamtale eller ein kaffikopp. Den største gleda er å glede andre!
Ynskjer med dette alle ei fredfull, god jul og eit godt nytt år.
Bjarne Budal
ordførar