Julehelsing frå ordføraren

Vi har no passert vintersolverv, og går mot ei lysare årstid.

Det er tida for å ønskje kvarandre god jul, og å sjå tilbake på året vi snart har lagt bak oss og fram mot eit nytt år. Endeleg kan vi feire jul som vi brukar, utan restriksjonar. Jula er eit hyggeleg avbrekk i den mørkaste tida av året.

Vi er heldige å leva i eitt land der det er fred og trygt å bu. Vi ser i fleire statar at diktaturet rår og demokratiet må vike. Dette er svært bekymringsfullt. Vi har stor grunn til å vere takksame for at vi bur i den delen av verden som har eit vel fungerande demokrati, eit demokrati vi må ta vel vare på.  

Vi er inne i ei uroleg tid med krig i Europa, og større usikkerheit om året som ligg framom oss enn det vi er vande med. Mange har måtte flykte frå heimlandet sitt i 2022, og nokre av dei som har flykta har kome til Øystre Slidre. Det er vanskeleg å førestille seg kor vanskeleg det må vere å måtte reise frå vener, familie og heimen sin, når landet ditt opplever invasjon og krig. Difor er det så viktig at vi som lokalsamfunn tek godt i mot dei som har måtte flykte, og gjev dei ei trygg tilvære og tilhørigheit når dei har busett seg her hjå oss.

2022 har vore Frivilligheitas år, som har vore markert på fleire vis. Frivillig arbeid i lag, organisasjonar og foreningar er avgjerande for gode tilbod til unge og vaksne. Tusen takk til alle som utgjer ein forskjell for andre med sin frivillige innsats, denne innsatsen betyr så mykje for så mange, og utgjer ein forskjell i kvardagen for mange.

Jula er fylt med tradisjonar for mange, anten det gjeld mat, kva vi ser på tv, eller kven vi er saman med. Vi har sikkert alle ulike tradisjonar vi tek vare på og som er viktige for oss. Å ha tradisjonar er trygt og gir forutsigbarheit og minner, noko som for mange er viktig i denne tida vi no gå inn i. Måtte jula gi dykk gode minner som de kan ta med dykk inn i det nye året.

Ynskjer med dette ei fredfull og God Jul og eit Godt Nytt År for dykk alle.

 

Bilde av vinterlandskap med sol i bakgrunnen - Klikk for stort bilete

 

Helsing

Odd Erik Holden - ordførar