Invitasjon til idéverkstad på Tingvang 6. og 7. mars

Hjelp oss å gje nytt liv til den gamle sjukeheimen på Heggenes - og skap samtidig nye moglegheiter for deg sjølv og andre på Heggenes.

Om prosjektet

Etter at Øystre Slidre helsetun blei bygd, har den gamle sjukeheimen stått og venta på ny bruk. Bygget er i god stand og har karakter, sjarm og fantastisk plassering, med svært gode solforhold, panoramautsikt utover Heggefjorden og gangavstand til Heggenes sentrum, Furustrand og flotte turområde.

No ynskjer kommunen  kome i kontakt med deg som vil bidra til å skape nytt liv i den gamle sjukeheimen, anten du vil bidra med idear og engasjement, eller er nysgjerrig på om du sjølv ynskjer å bu eller starte noko nytt og spanande i bygget.

Kanskje du er nysgjerrig på om du kunne flytta inn i ein mindre bustad om du hadde tilgang på fellesareal og -funksjonar, som ein større daglegstove eller felleskjøkken du kan låne om du får mange gjester? At du drøymer om å ha tilgang på ein badstove, eit bibliotek med peis, eller moglegheit til å låne alpinutstyr til heile familien i staden for å kjøpe nytt? Kanskje du er nysgjerrig på om eit meir sosialt bustadmiljø kunne vore noko for deg, med moglegheit for å delta på fellesmiddag, turar i nærområdet, arrangere felles barnepass, eller dyrke grønsaker i fellesskap? Kanskje du skulle ynskje du fekk hjelp til å klippe graset og måke snø, og slapp å gjere alt vedlikehaldet sjølv? Eller ynskjer du ein lett tilgjengeleg og universelt utforma bustad?

Kanskje du har ein idé til eit nytt og spennande tilbod som trengst på Heggenes som du treng eit lokale for å realisere? Eller du saknar tilbod og møteplassar i nærmiljøet du tenkjer passar her?
Asplan Viak er engasjert av Øystre Slidre kommune for å utarbeide ein moglegheitsstudie for transformasjon av den gamle sjukeheimen på Heggenes, og vi ynskjer innspel frå dykk. Dette er første steg i ein prosess for å realisere eit spennande, nytt konsept for bygget.
 

Invitasjon til idéverkstad

Vi ynsker å invitere deg til idéverkstad på kommunehuset på Tingvang. Det blir hyggjeleg stemning, enkel servering med bakverk, snacks og noko varmt i koppen

Med atterhald om tal på påmeldte, vert det arrangert inntil to verkstader:

  • Torsdag 6.mars kl.18.00 - 20.30
  • Fredag 7.mars kl.12.00 - 14.30

 

Påmelding til idèverkstad

Meld deg på her

Dersom du ikkje får tilgang til lenka kan du melda deg på ved å ringe Idunn Skjerdingstad i Øystre Slidre kommune på 476 42 386 i telefontida 10-15 på kvardagar, eller meld ifrå i resepsjonen på kommunehuset (Tingvang).

Fortell oss om dine tankar og idear

Om du planlegg å delta på idèverkstaden eller ikkje, set vi stor pris på om du fortel oss om dine tankar og idear om prosjektet i eige skjema.

Bruk dette skjemaet for å gi oss dine tankar og idear om bruk av gamle sjukeheimen

Kontaktinfo

Idunn Saltnes Skjerdingstad
Arealplanleggar
E-post
Telefon 47 64 23 86