F.v. Odd Erik Holden, Atle Hovi, Terje Fahre, Kjell Berge Melbybråten, Bjarne Budal.Føremålet med selskapet er å utvikle Beitostølen som reisemål både for turistar og deltidsinnbyggjarar. Det er ei målsetting å doble tal gjestedøgn og få ei jamnare fordeling av gjestedøgn gjennom året. Utviklinga skal vera berekraftig og kvalitetane ved Beitostølen som reisemål skal hevast. Beitostølen skal invitere til Rein naturglede – for alle.
Partane er einige om å etablere selskapet Beitostølen Utvikling AS, 50% eigd av næringslivet og 50% eigd av Øystre Slidre kommune. Kommunen går inn med 0,3 mill. i aksjekapital og næringslivet samla går inn med 0,3 mill. i aksjekapital. Partane tek sikte på å auka aksjekapitalen til 2,0 mill. kroner innan 3 år etter etableringa. Ingen enkeltverksemd skal kunne eige meir enn 10% av selskapet og ingen skal eige mindre enn 2,5% av selskapet. Partane er einige om at Beitostølen SA skal vidareførast som eit viktig nettverk for alle medlemmar i BU SA.
Selskapet skal vera ideelt, dvs. at det ikkje skal betalast ut utbytte til eigarane. Styret vil vera på 6 styremedlemmar, 2 føreslått frå næringslivsverksemder i selskapet, 2 føreslått av kommunen, ein føreslått av BU SA og ein føreslått av Beitostølen stadion AS.
Partane er einige om å sikre Beitostølen Utvikling AS ei langsiktig og trygg finansiering gjennom årlege driftstilskot frå næringslivet og kommunen, også her fordelt 50/50. Selskapet vil i tillegg søke å finansiere drift og utvikling av fellestiltak gjennom anna ekstern støtte. Driftsstøtta skal m.a. dekka partane sitt eksisterande bidrag til tidlegsnø og løypestøtte.
Partane er einige om at det er eit mål å sikre ei samla årleg driftsstøtte på minst totalt 4,5 mill. kroner. Dette vil tilføre satsinga på reisemålet med til saman 1,7 mill. i friske midlar i 2021. Bu SA vil hausten 2020 sikre garantiar for årleg finansiering frå næringslivet på til saman 2, 25 mill. kr. i minst fem år. Partane tek sikte på å auka den årlege finansieringa av selskapet til 6 mill. kroner innan 3 år. Dette vil gje ei styrking av fellestiltaka med årleg 3,2 mill. kroner.
Etablering av selskapet, med val av styre, vil bli gjennomført innan 1. mars 2021.
Kontaktperson:
Ordførar Odd Erik Holden, tlf. 952 11 068
Leiar i Beitostølen Utvikling SA Bjarne Budal, tlf. 905 66 810