Instruktørkurs - sterk og stødig

Vil du leie ei treningsgruppe for seniorar? Frisklivssentralen arrangerer instruktørkurs 2.-4.juni. 

Om treningsgruppa

Sterk og stødig er eit treningstilbod for deg som er over 65 år, bur heime og kan kjenne på at du ikkje lengre har like god balanse som tidlegare.

Om instruktørkurset

Du treng ikkje ha erfaring med å vere instruktør, du får alt du treng gjennom dette kurset. Du vil bli lønna etter vilkåra som aktivitetskontakt.

Kurset blir arrangert 2.-4. juni kl.09-14 på Øystre Slidre Helsetun.

Kurshaldar er fysioterapeut Ingrid Øihaugen.

Plakat for kurset finn du her (PDF, 228 kB)

Påmelding til instruktørkurset

Har du spørsmål eller ønskjer å melde deg på kurset?

Ta kontakt med Ingrid Øihaugen, tlf 902 46 121, e-post: ingrid.oihaugen@oystre-slidre.kommune.no

 

Logo Frisklivssentralen - Klikk for stort bilete

Kontaktinfo

Ingrid Øihaugen
Fysioterapeut
E-post
Mobil 90 24 61 21