I reglementet heiter det om ordninga:
Før møtet blir sett kan det gjennomførast inntil 30 minuttars offentleg spørjetid. Dette gjeld ikkje i forkant av kommunestyret sine budsjettmøte eller ved ekstraordinære møte.
Alle personar som er busette i kommunen har rett til å stille spørsmål. Dette gjeld likevel ikkje for kommunestyret sine medlemmer.
Spørsmålet må gjelde kommunale forhold, og vere av allmenn interesse for innbyggjarane i kommunen. Personlege saker og saker som er unnateke offentlegheit kan ikkje takast opp. Spørsmål kan ikkje stillast om saker som er til behandling i kommunale folkevalde organ. Om det oppstår tvil om tolking av dette punktet, har ordføraren avgjerdsrett.
Spørsmålet skal rettast til kommunestyret, og sendast ordførar seinast fem dagar før møtet skal haldast. Spørsmål som ordføraren meiner skal rettast til administrasjonen skal avvisast.
Spørsmålsstillaren vel sjølv om han/ho vil lese spørsmålet opp for kommunestyret, eller om ordførar skal lese spørsmålet på vegner av spørsmålsstillaren. Det blir avsett inntil 2 minutt til spørsmålet og like lang tid til svaret.
Ordføraren avgjer kven som skal svare på spørsmålet.