Fem av dei tilsette ved BHSS har jobba tett på produksjonen av Team Pølsa. Fv. fysioterapeut Kjesti Linnes, ergoterapeut Svein Brynhildsvoll, idrettspedagog Espen Simonnæs, fysioterapeut og leidar hab/rehab Berit Gjessing, idrettspedagog Maja Mossing.
BHSS
«Team Pølsa» følgjer seks ungdommar med ulike funksjonsnedsetjingar som saman med Øystein «Pølsa» Pettersen jobbar mot eit hårete mål – å gå VM-løypene i Trondheim. Gjennom episodar fylt med utfordringar, tårer og glede får vi sjå korleis ekte lagånd og tilrettelagde omgivnader kan utgjere ein stor skilnad. Og dette skjer her, på Beitostølen!
At «Team Pølsa» er spelt inn i kommunen, er ikkje tilfeldig. Kommunestyret har vedteke at vi skal bli den best tilrettelagde staden å bu og vitje, uansett funksjonsnivå. Dette arbeidet står på topp 10-lista over dei viktigaste satsingsområda våre. Vi har arbeidd lenge med kartlegging og gjennomføring av konkrete tilretteleggingstiltak, og i fjor nådde vi ein milepæl med etableringa av prosjektet INKLU, i samarbeid med Beitostølen Helsesportsenter, næringslivet og regionale aktørar.
Team Pølsa i VM
BHSS
Hos oss handlar tilrettelegging ikkje berre om rampar og heisar, men om å skape eit varmt og inkluderande samfunn der alle – frå småbarnsfamiliar til eldre – kjenner seg like velkomne.
TV-serien «Team Pølsa» viser kva ein kan få til med tett samarbeid og pågangsmot. Dei same verdiane – uthald, samhald og tydelege mål – er grunnsteinar i arbeidet vårt for eit meir inkluderande lokalsamfunn.
Gode ringverknader for næringslivet
Å vera tilgjengeleg for alle er eit konkurransefortrinn for næringslivet. Når fleire kan bruke tenestene, enten du skal på butikken å handle, ut å ete eller ut på opplevingar, aukar kundegrunnlaget. Med støtte frå Innlandet fylkeskommune er kommunen gjennom prosjektet INKLU i gang med ein prosess saman med pilotverksemder som ønskjer å gå føre i arbeidet med å setje nye standardar for tilgjengelegheit.
Varig endring - òg når kamera er slegne av
Det er viktig for oss å bruke merksemda «Team Pølsa» skaper til noko positivt. For ein kommune med store mål om tilrettelegging, inneber det å halde stø kurs når lyskastarane er av, og halde fram med å tenkje heilskapleg. Målet vårt er å gjere kommunen til den best tilrettelagde staden i Noreg både å bu og besøke.
Her kan du sjå serien
Sjå Team Pølsa på nrk
Ynskjer du å høyre meir om arbeidet i prosjektet INKLU?
Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Elisa S. Ulfstedt, e-post: elisa.sevilla.ulfstedt@oystre-slidre.kommune.no