Eit avløpsanlegg som ikkje fungerar som det skal førar til ureining av grunnen og vil påverke vasskvaliteten i vassførekomsta. Jf. Vassforskrifta § 4 skal vassførekomstar ha minst "god økologisk og kjemisk tilstand." Det er difor viktig at anlegga reinsar tilstrekkelig før utslipp til stedlige massar for å unngå forureining og sikre gode vassførekomstar.
Kommunen som forureiningsmyndigheit er pålagt å føre tilsyn på dei enkelte forureiningskjeldene jf. kapittel 12 i forureinginsforskrifta. Øystre Slidre kommune har difor vedtake at det skal førast tilsyn kvart 5. år på private avløpsanlegg frå 2020. Dette erstattar den tidlegare tilsynsordninga som var basert på stikkprøver.
Eigar av anlegget vil få eit varsel om tid for tilsynet, og du må gjerne vera til stades. Avløpsanlegget vil bli inspisert. Målet er m.a. tidlig å kunne gjera tiltak, som gjer at anlegget for lengre levetid og unngå kostbare utbetringar. Etter tilsynet blir det utarbeida ein kort rapport. Dersom det er avvik vil du få råd eller beskjed om å rette disse, eller om det er behov for ei utbetring av anlegget.
Tilsynet utøver kommunens myndigheit etter forureiningsforskrifta kapittel 12. Det er gjennom budsjettvedtak bestemt at eigarar av private avløpsanlegg skal betale eit årleg gebyr for å finanisere tilsynsarbeidet gjennomført av kommunen.
Gebyret skal samla sett ikkje overgå kommunen sine kostnadar med arbeidet. Størrelsen av gebyret kjem fram av gebyrregulativet og er i 2020 på 500 kr/ år per avløpsanlegg og blir fakturert med forfall i juli.
Gebyret er vedtake av kommunestyret med heimel i:
Spørsmål kan sendast til post@oystre-slidre.kommune.no eller frank.skoglund@oystre-slidre.kommune.no