Informasjon om brukar- og pårørandeundersøking innan helse- og omsorg
I løpet av våren 2025 vil det bli gjennomført brukarundersøking og pårørandeundersøking på Helsetunet, i heimetenesta og på Brennebakkin.
Dei det gjeld vil få tilsendt informasjon om gjennomføringa frå den enkelte avdelinga.
Helse- og omsorgstenestene ynskjer å få tilbakemelding på kor tilfreds brukarane og deira pårørande er med tenestene som vert utført. Med desse undersøkingane vil vi sikre brukarmedverknad samt kvalitetssikre, utvikle og forbetre tenestene. Tilbakemeldingane frå brukarar og pårørande vil gje oss informasjon om kva vi må passe på å fortsette med fordi det blir opplevd som positivt, og problemområde som vi set inn tiltak for å forbetre. Vi håpar derfor de vil vera med ved å svare på undersøkinga når den blir sendt ut.
Kjersti Hedalen
kommunalsjef
Publisert 08.04.2025 09.06