Meldinga skal gjevast så snart skade har oppstått eller vil kunne oppstå, slik at kommunen skal kunne kontrollere areal på eit tidspunkt der klimaskade kan påvisast. Tilskot ved klimarelatert avlingssvikt kan vera aktuelt dersom avlinga blir meir enn 30% under "normalavling" over vekstsesongen.
Korleis melde inn skade?
Melding om skade skal leverast inn elektronisk via dette skjemaet i Altinn.
Dersom du har skade i fleire ulike vekstgrupper, må det leverast eigen melding for kvar av vekstgruppenen. Du skal få kvittering for innsendt melding.
Kontroll
Dersom kommunen ynskjer å gjennomføre stadleg kontroll i samband med meldinga, vil du bli kontakta.
Om skadeordninga
OBS: Ei melding om skade er ikkje ein søknad. Søknad om tilskot skal sendast på eige søknadsskjema når vekstsesongen er over. Les meir om tilskot ved produksjonssvikt på landbruksdirektoratet si nettside.
Søknadsfrist
Søknadsfristen for tilskot ved produksjonssvikt er 31.10 i skadeåret.
Landbrukskontoret i Øystre Slidre