Ikkje gje mat til hjortevilt
Mykje snø kan gjere det vanskeleg for hjortevilt å finne mat og vatn. Sjølv om ein kan føle for å hjelpe dyra, er det viktig å la dei vere i fred. Difor: ikkje gje hjorteviltet mat. Fôring er ulovleg på grunn av fare for smitte av skrantesjuke og diaré.
Snømengdene kan òg føre til auka forekomst av hjortevilt langs vegane. Ver difor spesielt merksam på hjortevilt.
Ring politiet på telefon 02800 om du ser eit dødt eller skadd hjortevilt, eller om du sjølv er uheldig og køyrer på eit dyr.
Publisert 25.02.2025 13.32