Høyring - oppstart av namnesak Vestfjellet/Gausdal Vestfjell - Gausdal kommune

Gausdal Historielag har tatt opp namnesak for å få fjellområdenamnet Vestfjellet eller Gausdal Vestfjell formalisert for offentleg bruk, og for å få avklart at fjellnamnet Langsua ikkje har ein nedarva lokal tradisjon som namn på det same fjellområdet. Saken blir teke opp for å få avklart rett skrivemåte og  rett namn for offentleg bruk, slik at namnet kan takast inn i kart.

Høyring

Statens kartverk har sendt saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn.
Dokumentet frå Kartverket kan du lese her. (PDF, 129 kB)

Uttale/merkand

Uttale/merknader til namnesaka skal sendast til:
Øystre Slidre kommune, Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes eller til: post@oystre-slidre.kommune.no
 

Høringsfrist 1. oktober 2024

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00