I.G.
Entreprenør Kroon Maskin er i gang med ny gang- og sykkelveg mellom Heranglie bustadområde og Tingvang.
I same trasè skal det leggast hovudvassleidningar for vatn, avløp, straum og fiber. Arbeidet startar i øystre del av traseen (Tingvang) og forflyttar seg mot Heranglie etter kvart som traseen blir ferdig.
Heile prosjektet er planlagt sluttført i 2023. I denne perioda må det påreknast noko anleggstrafikk og støy i området kring Tingvang/Heranglie/Heggenes. Når det gjeld tomtesal og tomteprisar i Heranglie så vil dette bli klart i løpet av november 2022.