Godt rekneskapsresultat for 2021

Øystre Slidre kommune vil få eit godt rekneskapsresultat for 2021. Førebels rekneskap viser eit netto driftsresultat på 7,5% av driftsinntektene, noko rådmannen meiner er eit svært godt resultat. Samla overskot er på vel 23 mill. kroner.

Dei statlege overføringane er 7,2 mill. høgare enn  budsjettet, kraft viser meirinntekter på 2,5 mill., netto rente er 1,7 mill. betre enn budsjettert, pensjon 1,5 mill. betre enn budsjettert og det er ført 3,9 mill. meir på sjølvkost enn budsjettert. Drifta av dei kommunale og interkommunale tenestene ligg samla sett innafor budsjettramma for tenestene, noko rådmannen seier seg svært godt nøgd med.

Rekneskapen er sendt revisor, og det kan kome endringar i tala ved revisjon av rekneskapen.