God og trygg jul i Øystre Slidre
Øystre Slidre kommune er oppteken av å sikre innbyggarar, deltidsinnbyggarar og gjester ei trygg julehøgtid i kommunen. Vi ber alle setja seg inn i dei generelle reglane og råda som nasjonale helsestyresmakter har kome med. Å følgje desse tiltaka nøye er det viktigaste tiltaket for å hindre spreiing av covid-19 viruset.
Vi venter mange tilreisande til kommunen i samband med juleferien. Av dei sentrale nasjonale råda vil vi særleg minne om følgjande:
- Sei ja til vaksine!
- Hald deg heime om du er sjuk
- Hald 1m avstand til andre enn dei du bur med og tilsvarande nære. Unntak for barn i barnehagar og barneskular
- Oppmoding om maks 10 gjester i tillegg til dei du bur saman med, maks 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida
- Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte vaksne bør skjerme seg, men ikkje isolere seg. Det er viktig med noko sosial kontakt
- Treff andre utandørs når det er mogeleg
- Reduser antall nærkontaktar, men ikkje isoler deg
- Du bør begrense sosial kontakt mest mogeleg
Vi ønskjer alle ei god og trygg julehøgtid!
Helsing
Odd Erik Holden, ordførar
Jostein Aanestad, rådmann
Arild Jacobsen, kommuneoverlege
Publisert 22.12.2021 08.27