Gjenbruk for deg og megFrivilligsentralen i Øystre Slidre har det siste året jobba aktivt for gjenbruk av klede, sko, sportsutstyr, interiørartiklar og møblar. Vi har organisert eit kleslager i kjellaren på gamle sjukeheimen på Øvre Moen, Moavegen 38, der frivillige pakkar ut, systematiserer og hjelper til i opningstidene annakvar veke. Her kan dei som treng det mest, hente seg gratis klede, sko, leiker og diverse interiørartiklar. Vi har klede i str baby opp til XXL for dame og herre. Arbeidet med gjenbruk er veldig meningsfylt og frivilligsentralen opplever at innbyggjarane i kommunen er rause og ynskjer å bidra. Dei som kjem innom for å ta i mot utstyr, er svært takknemlege for tilbodet. Opningstid Frå 31.august vil kleslageret vere opent annakvar torsdag kl.14.00 - 18.00. Innlevering av klede, sko og anna utstyr Vi tek i mot klede og sko i opningstida torsdagar eller etter avtale på telefon 976 05 755. Dameavdelinga på kleslageret Liv Vingdal Publisert 25.08.2023 08.02