Frivilligprisen 2024

Det er ei glede for Øystre Slidre kommune å gjere gjent at frivilligprisen for 2024 går til Hallgeir Hovi.

Hallgeir syner utruleg stor interesse for bygda si og bygdefolk i alle aldrar. Han er med i styret for huset Solhaug og sit i styret for Rogne idrettslag. Han er den som alltid stiller opp på arrangement i bygda, som hjelpemannskap, som vakt eller det som trengst.  Med oppsyn og ansvar for Solhaug,  passar han på både bygget, idrettsanlegget og området rundt.

Hallgeir starta kiosken på Juvikåsen, som blir drive slik at inntektene går til idrettslaget. Han har i tillegg ansvaret for pilkekonkurransen på Veslevatnet påske-eftan. Han er iniativtakar til gubbetrimmen i Rogne og er med på arrangementet Skrævarokken, eit årleg mopedløp rundt Volbufjorden.

Når det går mot julebel er det han som er primus motor for julegrantenning på Solhaug, eit arrangement for både barn, foreldre og bygdafolk. Så er det den populære kafèen på dagtid onsdagar på Solhaug, jammen er det ikkje Hallgeir som er «krovert» kvar onsdag frå oktober til mai, og som gjerne henter og bringer folk som treng og ynskjer skyss. Alt dette er gratisarbeid og gratis kjøring.

Illustrasjonsbilete Frivilligprisen 2024 - Klikk for stort bileteHallgeir Hovi fekk Frivilligprisen 2024. Kultursjef Kari Onstad, ordførar Bjarne Budal og leiar for folkehelse og frivilligsentral Liv Vingdal var til stade under utdelinga. Geir Helge Skattebo

Hallgeir Hovi er med dette ein sterk og verdig mottakar av Frivilligprisen 2024. Øystre Slidre kommune gratulerer med prisen, som vart delt ut ved onsdagskafè på Solhaug 13. november.