Stig i kjent stil på snøskuteren.
Privat
Hjelpekorpset i Øystre Slidre Røde Kors har eksistert sidan 1949. Mange frivillige legg ned ein betydeleg innsats for å gjere alle dagar trygge både for innbyggarar og besøkjande. Stig Aastveit har ei sentral rolle i dette arbeidet. Han har delteke, kommandert ut, kursa seg opp, leia øvingar og oppdrag og skaffa utstyr i ei år-rekke. I tillegg har han administrert arbeidet, sete i styret sentralt, vore nestleiar og instruktør. Han har hatt alle verv det er mogeleg å ha og investert ufatteleg mange timar, dagar, netter og helger på frivillig arbeid for Røde Kors.
Nedslagsfeltet til Røde Kors i ØS er på 963 m2 og aller mest over 900 moh. Dei deltek på stevner og idrettsarrangement, med skuter og ATV i fjellet, eller i båt i storm og stille. Det er oppgåver innan fyrstehjelp, samband, aksjonsleiing, naudnett og kommunikasjon med Hovedredningssentralen som skal til. Alt dette må det øvast på og utstyr må alltid vere klart for oppdrag.
Stig Aastveit har i over ti år hatt eit brennande engasjement og brukt eit utal timar for Røde Kors. Han er ein sterk og verdig kandidat og namnet hans har vore oppe i mange år. Så no kan vi endeleg gratulerer STIG med frivilligprisen 2023.
Utdeling av prisen
Frivilligprisen vil bli delt ut på frivilligfest på Tingvang 26.november kl 18.00.
Kari Onstad, kultursjef