Forprosjektet for Øystre Slidre helsetun er ferdig

Øystre Slidre kommune har saman med arkitektfirmaet Vikøren fra Vik i Sogn gjennomført forprosjektet til Øystre Slidre helsetun. I samband med dette er det utarbeidd førebelse teikningar og romprogram som no skal leggast fram i Ad-hoc arbeidsgruppe den 12.02, i eldrerådet den 13.02, og i kommunestyret den 15.02.18.

No går ein over i hovudprosjektfasa der det m.a. er lagt føringar for at riving av Sørre Moen skal starte i mars, og at bygget skal ut på anbod. Helsetunet skal stå ferdig tidleg hausten 2020.

Her finn du forprosjektrapporten (PDF, 8 MB)vedlegg til prosjektrapporten (PDF, 2 MB), samt ulike teikningar og kart (PDF, 20 MB).