Førebygg fall på isen

Vêr og føre går mot den kalde, fine tida. Dette fører også ofte med seg fall og skadar. Øystre Slidre kommune ønskjer å kome med ei venleg påminning om å førebu seg. Det er tidvis glatte vegar, og vi oppmodar til å køyre etter vêr og føre.

Men kva kan ein gjere for å førebyggje slike fall? Og kva bør ein gjere om ein har falle?

Slik kan du førebyggje fall på isen

•    Bruk fortau og vegar som er brøyta og strødde - om du kan. Unngå snarvegar.
•    Bruk vintersko som har godt grep på glatt føre, og gjerne broddar eller piggsko.
•    Ta det med ro! Om du ikkje rekk den bussen, kjem det alltid ein ny. Ta kortare steg og ha hendene ute av lommene for å betre halde balansen.
•    Ikkje ber tunge ting på glattisen, og ikkje gå med nasen i telefonen. Sjå kvar du går.
•    Bruk rekkverk der det finst og eventuelt stokk eller andre liknande hjelpemiddel.
•    Test gjerne område der du er usikker på om det er glatt ved å kjenne forsiktig med foten.
 

Om du likevel er uheldig å fell

•    Om du kjenner at du er i ferd med å falle og rekk å tenkje deg om: prøv å lande på rumpa eller ryggen. Halde armane inntil kroppen og bøy hovudet mot brystet (om du fell på ryggen).
•    Etter fallet bør du bruke litt tid på å kjenne etter om du har skada deg. Kvar gjer det vondt? Ein ankelskade kan fort bli ein endå større skade om du hoppar rett opp på det skadde beinet.
•    Om du er like heil, reis deg sakte - unngå eit nytt fall.
•    Om du har behov for hjelp eller treng medisinsk tilsyn: ring etter hjelp.
•    Ved mistanke om alvorleg skade ring etter ambulanse.
•    Brukar du blodfortynnande medisinar? Dersom du har slått hovudet, og du føler deg «groggy» etterpå, eller ei slik kjensle er tiltakande etter hovudskaden, bør du kontakte lege. Ei hjernebløding/-skade kan gi symptom fleire timar, endå dagar, etter fallet.
•    Sjølv om det har gått forholdsvis greitt, kan du oppleve å vere forslått og ha blåmerke og skrubbsår. Ver snill med deg sjølv, ta det med ro og kjøl eventuelt ned smertefulle område.
 

Kjelde: https://nhi.no/livsstil/egenomsorg/forebygg-fall-pa-isen