Flyktningar frå Ukraina

Det kan vere menneske på flukt frå Ukraina som allereie oppheld seg i Øystre Slidre kommune, utan å være registrert. For at desse skal ha rettigheiter i Noreg må dei vere registrert. Dei som ev. kom før 24.02.22 må i tillegg søke om beskyttelse på ordinært vis.

For å få ei så god oppfølging som mogleg og for å bli kjend med sine rettar er det naudsynt at ev. flyktningar kjem i kontakt med kommunen. Vi oppmodar difor alle innbyggjarar som er i kontakt med ukrainske flyktningar om å gje dei rettleiing slik at dei kjem i kontakt med kommunen. 

Kommunens kontaktperson: flyktningkoordinator Jan Berg, tlf 908 30 867.

For Innlandet skjer registrering ved Nasjonalt ankomstsenter i Råde.

Politiet lokalt kan ved behov bistå med transport til Råde, og stadfester at ikkje-registrerte flyktningar kan ta direkte kontakt med politistasjonen på Fagernes (fysisk oppmøte eller via sentralbord) for slik bistand.

Du finn elles oppdatert informasjon om mottak og registrering av flyktninger på nettsidene til politiet, og på UDIs nettsider.

Slik søker du om beskyttelse (informasjon på fleire språk)

Sjå nettsidene til UDI

Registrering for å få helsehjelp

For å få tilgang til helsehjelp og hjelp frå det offentlege i Noreg må du registrere deg som asylsøkjar.

Les meir om helsehjelp på helsenorge.no