Fjellcampen i Øystre Slidre (tidlegare Stølsveko) er no flytta frå veke 32 til veke 27. Dette for å unngå kollisjon med andre tilbod i kommunen.
Om Fjellcampen
Dato: 30.juni til 4.juli 2025.
Fem dagar med aktiviteter i området kring Beitostølen. Alle eventyrlystne barn i alderen 10-13 år er velkomne til å bli med.
Pris kr.1 200 pr. deltakar.
Program og påmelding
Program og påmelding finn du her på nettsida til Beito Aktiv
Maks 30 deltakarar. Frist for påmelding er 30.mai.
Publisert 05.03.2025 15.11