Dei fire nye smitta alle blant dei 29 som har vore i karantene sidan fredag.
Smittesporingsteamet har gjort eit grundig arbeid, og det er no til saman om lag 105 personar i smitte-/ventekarantene som ein følge av dette smitteutbrotet. Om lag 80 personer vil bli testa i morgon, måndag. Av desse er det om lag 45 personar knytt til Beito barnehage (34 barn og 10-12 tilsette). Desse vil bli testa fordi eit barn i barnehagen er nærkontakt til ein av dei som er bekrefta smitta.
Smitteutbrotet vart kjent fredag 26. mars, då ein person busett i Øystre Slidre testa positivt for koronaviruset. Vedkomande er smitta utanfor kommunen.
Kommunen har sett krisestab, og kriseleiinga har jamlege møter for å følgje opp situasjonen. Vi vil oppdatere informasjonen på nettsidene fortløpande.
Beito barnehage er også stengt frå måndag 29. mars og inntil vidare.
Med bakgrunn i den uavklarte smittesituasjonen er avdelingane Juvike, Midthøgde og Smørkøll på Øystre Slidre helsetun er stengt for besøkande - i første omgang fram til 2. april. Dette er utelukkande eit førebyggande tiltak; ingen pasientar eller tilsette på helsetunet er så langt berørte av smittetilfellet.
Ev. henvendingar frå media kan rettast til ordførar Odd Erik Holden, tlf. 952 11 068.