Per Anders Nordengen held foredrag for tilsette i helse og omsorg
Øystre Slidre kommune
For at alle tilsette skulle kunne vera med, vart det gjennomført to dagar med same innhald.
Tema for fagdagen var meistringsklima og meistringstru, valgt ut i frå resultata frå gjennomført 10-faktorundersøking i personalet våren 2023.
«Ordbrukaren» Per Anders Nordengen bidrog med sine perspektiv og gav oss refleksjonar som vi tek med oss vidare mellom anna innanfor temane «Når forandring ikkje fryder», krafta i bruken av ord på både godt og vondt og om kor viktig det er for oss menneske å øve på å stå oppreist i motvind. Ordbrukaren hadde mange vinklingar på ord, og det han trakk fram som det viktigaste ordet var å «verdse», noko vi skal ta med oss i det vidare arbeidet.
Etter ei felles økt med kva vi legg i meistringsklima og meistringstru, satt vi gruppevis og arbeidde med innspel til kva vi har i dag som støttar opp om meistringstru og kva vi skulle ynskje vi hadde gjort annleis.
Etter to dagar sit vi no att med verdifull informasjon som vi vidare skal bruke innanfor heile hele og omsorgstenesta i kommunen.
Takk til alle som bidrog til to gode dagar som inspirere til vidare arbeid!