Foreningsportalen for Øystre Slidre
Øystein Skattebu
Her finn du foreningsportalen for Øystre Slidre
Om foreningsportalen
Foreningsportalen er ei nettside med informasjon om aktive lag og foreiningar, og andre som tilbyr fritidsaktivitetar og arrangement i kommunen. Her finn du informasjon om kvart enkelt lag med oppdatert kontaktinformasjon, og ein innhaldsrik kalender med oversikt over komande arrangement og aktivitetar. Her skal det vere litt av kvart for folk i alle aldersgrupper.
Kommunen har lenge hatt ynskje om å finne ei betre ordning for å synleggjere alle dei gode tilboda me har i kommunen. Foreningsportalen byggjer på eit system frå Norges Frivilligsentraler, som er godt etablert i fleire andre kommunar i landet og i Valdres. Kommunen administrerer portalen, men det er laga og foreiningane sjølve som legg inn informasjonen og oppdaterer sine sider. I denne omgang er det i hovudsak ideelle- og ikkje-kommersielle aktørar og kommunen som er med i portalen.
Arbeidsgruppa for foreningsportalen, beståande av Aya Strand, Liv Vingdal, Anne Marthe Hesjadalen og Øystein Skattebu.
Øystre Slidre kommune
Vårt mål er at foreningsportalen skal bidra til at fleire tek del i fritidsaktivitetar, at fleire finn eit miljø og vere ein del av, og at fleire kan bli med som frivillige, seier Øystein Skattebu - som har vore leiar for arbeidsgruppa for foreningsportalen.
Liv Vingdal ved Frivilligsentralen og Øystein Skattebu frå kulturavdelinga vil vere kontaktpersonar for portalen i tida framover. Lag eller organisasjonar som ikkje er del av portalen per i dag, men som ynskjer å vere det, kan melde si interesse til ein av desse.
Arnstein Alund og Kristin Gladhaug er begge svært aktive i ulike lag og foreiningar, og ser fram til lanseringa av foreningsportalen.
Øystre Slidre kommune
Kommunen ynskjer å takke alle som har bidrege til etableringa av foreningsportalen. Kalenderen i portalen er også linka opp til kommunen sin nettside, og erstattar «kva skjer» på framsida.
Kontaktpersonar for foreningsportalen
Øystein Skattebu, tlf. 412 22 840, e-post: oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.no
Liv Vingdal, tlf. 976 05 755, e-post: liv.vingdal@oystre-slidre.kommune.no