Endringar i kommuneleiinga i Øystre Slidre
Frå måndag 17. januar har Kjersti Hedalen teke over som kommunalsjef for helse og omsorg. Hedalen var frå før kommunalsjef for opplæring og kultur, og skal no også ha det overordna ansvaret for helse og omsorgsområdet. Dette er gjort i samband med at kommunalsjef Steinar Nybråten til sumaren vil gå over i pensjonistenes rekker. Nybråten vil fram til han går av ha eit særleg ansvar for handtering av koronapandemien og beredskapsarbeid.
Frå same dato er tenesteområda helse (legeteneste, helsestasjon og psykisk helse) og tilrettelagde tenester (tilrettelagde bustader og arbeid/aktivitet) slege saman til eit tenesteområde: Helse og tilrettelagde tenester. Leiar for det nye tenesteområdet er Rune Sviund, som har vore leiar for tilrettelagde tenester. Tidlegare leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien vil i løpet av våren gå av med delvis pensjon.
Publisert 19.01.2022 12.07